Birgitte Grimstad

Birgitte Grimstad
Fødd15. desember 1935 (88 år)
FødestadKøbenhavn
OpphavNoreg
Aktiv1966–
Instrumentvokal
Verka somsongar, komponist, plateartist
FarAksel Schiøtz
Gift medPer Øystein Grimstad
PrisarSpellemannprisen i visesang

Birgitte Grimstad (fødd 15. desember 1935) er ein dansk-norsk visesongar fødd i København.

Grimstad er dotter av den danske songaren Aksel Schiøtz. Ho hat teaterutdanning frå USA, og har budd i Oslo sidan 1959. Ho jobba mange år i NRK, blant anna med barne-TV. Ho har ei omfattande konsertkarriere i Noreg og Danmark, men òg elles i Europa og USA. Saman med Åse Kleveland, Lars Klevstrand og Lillebjørn Nilsen var ho med i visegruppa Ballade!, som hadde eit repertoar som omfatta både mellomalderballadar, folkeviser, protestviser og kyrkjemusikk.

I dei siste åra har ho arbeidd med teater og musikk både på Den Norske Opera, Det Norske Teatret, Seniorteateret, og med eigne soloførestillingar i friteateret Lille Vindharpe og med eventyra til H.C. Andersen.

Birgitte Grimstad har òg arbeidd som stemmepedagog.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy